Epost:
astrid.ardal@gmail.com
Kurs:
Ingen opne kurs no
Telefon:
97112868
Adresse:
Myrerveien 19
0494 Oslo
Workshop:
Arrangerer periodevis workshops. Informasjon om desse kjem på nettsida.
Praksis:
Eg har arbeidd som feldnkraispedagog i Oslo sidan 1995.
Dei seinaste åra har eg hovudsakleg arbeidd med individuell undervisning (FI – Functional Integration)
Biografi:
Eg er utdanna lektor i pedagogikk frå UiO og har arbeidd mange år i skule og barnevern.
I 1987 fekk eg litt tilfeldig kjennskap til Feldenkraismetoden, og med bakgrunn i pedagogikk var dette arbeidet interessant for meg fordi det så tydeleg handla om læring og endringsarbeid.
Eg deltok på fleire kurs/workshops før eg starta på feldenkraisutdanning i Malmø i 1991.
Seinare kom eg i kontakt med Mia Segal som gjennom mange år var Dr. Feldenkrais sin assistent og samarbeidspartnar. Eg gjekk over til hennar utdanning ved MBS Academy (Mind Body Studies) i Nederland, og var utdanna feldenkrispedagog der i 1995. Seinare har eg årleg fulgt vidaregåande seminar hos Segal og andre feldenkraislærar i Norge og utlandet.
Andre opplysninger om meg:
Eg driv Institutt for Aktiv Læring der eg tilbyr kurs og rettleiing i forhold til opplæring for barn med store og samansette lærevanskar. Feldenkraismetoden sitt læringssyn ligg i botnen for dette arbeidet også.
Eg gir individuelle timar – FI til handicappa barn.